Når husdyr er dokumentert drepe av freda rovvilt (bjørn, ulv, jerv, gaupe eller kongeørn), eller det er sannsynleg at tapet skuldast freda rovvilt, kan det gjevast erstatning. Erstatninga skal dekke tap og følgjekostnader for husdyreigaren.

Det må leggjast ved kart over beiteområdet.

Søknadsfrist: 1. november. Søknaden skal sendast Fylkesmannen.

Forskrift om erstatning for skade på husdyr.

Dersom du som eigar finn kadaver, uansett tilstand, der du har mistanke om at freda rovvilt (bjørn, ulv, jerv, gaupe eller kongeørn) er årsaka til skaden, skal du som eigar melde frå til Statens naturoppsyn (SNO) sin rovviltkontakt, Aina Elise Stokkenes, tlf. 916 24 301, så fort som mogeleg. Dersom ho ikkje er tilgjengeleg, kan den næraste kontaktperson i eit anna distrikt kontaktast (Rein-Arne Golf, Lærdal, tlf. 951 40 058), eller du kan gje melding direkte til SNO. Dersom eigaren ikkje melder frå om skade, kan erstatninga avkortast eller falla bort.

SNO - rovviltkontaktar

Praktiske tips ved funn av kadaver:
· Lat kadaveret liggja mest mogleg urørt, dekk det til for å verna mot åtseletarar. Ta gjerne bilete og noter kartreferanse.
· Merk staden så det er lett å finne att - ver innstilt på å måtte påvise funnstaden.
· Meld snarast frå til SNO sin rovviltkontakt, tlf. 916 24 301.
· Undersøk om det er ytterlegare tap/skader i området.