Svangerskapskontrollane vert utført av jordmor og fastlege. Det anbefalast 8 (eventuelt 9) undersøkingar i løpet av et normalt svangerskap (avhengig av lengda på svangerskapet). 

Den gravide bestiller seg time hos fastlegen til 1. svangerskapskontroll i svangerskapsveke 8 - 12 . Første kontroll hos jordmor er ved svangerskapsveke 15.

Oversikt svangerskapskontrollar (pdf)

Ta kontakt for timebestilling tlf: 57 68 56 00 – lege
                                                  57 68 56 22 – jordmor (evt. helsestasjon 57 68 56 05)

Jordmortenesta omfattar:

samtale, råd og rettleiing om sentrale tema innan helse, livsstil og graviditet

  • helsekontroll
  • tilvising vidare ved behov
  • førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre
  • hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon

 Tenesta er gratis.


Svangerskapskurs/ foreldreførebuande kurs

Eit tilbod til foreldre som ønskjer å førebu seg til fødsel og foreldrerolla saman med andre i same situasjon.

  • Kurset varer 4 kveldar

  • Kurset vert halde av jordmor og helsesjukepleiar

  • Stad: Helsestasjon

  • Kurset er gratis

  • Kurset vert halde 2-3 gonger pr. år

Helsesjukepleiar og fysioterapeut er med på kursa. Ta kontakt med helsestasjon for å få meir informasjon. 57 68 56 05

Kommunen har eit vaktsamarbeid for jordmortenesta med Sogndal og Leikanger kommune. Dersom du har behov for jordmor utanfor kontortid, ring legevaktsentralen - tlf. 116117