• Dei kommunale vegane blir stilt til disposisjon for trafikantane slik dei til ei kvar tid er
  • All ferdsel på kommunale vegar skjer på trafikanten sitt ansvar
  • Føremålet med vegvedlikehaldet er fyrst og fremst å sikre framkost, ikkje å hindre uhell

Brøyting

Brøyteinstruks

  • Vegar inkl. gang- og sykkelvegar og fortau skal vere gjennombrøyta før snømengda på vegen overstig 8 cm våt snø og 12 cm tørr snø.

  • Det skal brøytast etter alle snøfall større enn 5 cm.

  • Snørydding i kryss skal gjerast samstundes med eller rett etter at brøyting er gjort.

  • Snø framom og på trafikkskilt som betyr noko for trafikktryggleiken, skal ryddast rett etter avslutta brøyting/ snøvêr.

  • Beredskapsperioden er frå 01.10. til 01.05. kvart år/brøytesesong.

Entreprenøren skal på eige initiativ rykkje ut for å halda standarden på brøytinga og strøinga.
 

Desse har kontrakt på brøyting for 2022-2027

Rode Stad Entreprenør
1 Ornes - Kinsedalen Ornes Båtbyggeri AS
2 Bjørk - Øyane Johannes L Nyløy
3 Drægni, Fortun skule og ved kyrkja Fortun bensin 
4 og 5 Skjolden, kommunale vegar og plassar i Skjolden og Mørkridsdalen Johannes Flohaug
6 Dalsdalen – Tallagjerdet, Bringebakkane, Steinabakkane, Harastølen og kom.plassar  Per Nyløy 
7 Høyheimsvegen, bustadfelt Høyheimsvik, Skildheim – Markstein Harald Leirdal
8 og 9

Gaupne, kommunale vegar og plassar i Gaupne og Røneid

Gaupne – Engjadalen – Råum

Ole Mads Norenberg 
10 Leirdalen Arne Leirdal/Hans Egil Gullbrå
11 Alsmo og Vigdalen Kjetil Ruud
12 Føssøy, Halveg, Bakken, Gjerde, Mjølver, Jostedal kyrkje og ved skule og samf.hus  Berget Maskin 
13, 14 og 15 Marifjøra, Sviggaplassane, Joranger/ Tørvi, Melheim - Høgi – Bruheim, Lambhaug – Lundshaugen, Fet Kyrkje og ved skule/ barnehage,
Morki-Oppheimshaug – Øyni - Fruli og Mollandsmarki
Harald Leirdal
16 Krekavegen, Nordheim, Sterri, Kjos, bustadfelt Hestnes inkl. gang- sykkelveg frå busslomme Galden Nils Kåre Beheim
17 Bustadfelt Galden, gang- sykkelveg Buene – Galden, Galdetoppen industriområde, Bakkingavegen, bustadfelt Beheim, Hafslo sentrum inkl. kommunale plassar Br. Lomheim AS
18 Solvorn Simen Skophamar
19 Kommunale vegar og plassar på Veitastrond John Molland 

 

Strøing

Luster kommune har ca 120 km kommunale vegar og i tillegg plassar som vert strødd.

Kommunen har ikkje prioriteringsliste over kvar det skal strøast først og sist. Generelt kan ein seia at dei mest folketette områda vert strødd først. Førespurnad om strøing skal rettast til servicetorget, tlf. 57 68 55 00 på dagtid, og kommunal beredskapstelefon tlf. 48 10 21 20 utanom kontortid.

 

Sommarvedlikehald

Sommarvedlikehaldet vert for det meste utført av Teknisk drift. Arbeidet består i grøftereinsk, grusing, kantklypping, salting og oppattpussing av sand etter vinteren. Av ca 120 km vegar er 62 km grusvegar.

 

Grusing:

  • Grusing av desse vegane ca. kvart 5 år, eller etter behov.

​Salting:

  • Salting av grusvegane vert gjort kvar vår og må utførast på den tida vegane er fuktige, vanlegvis rundt påske. Dersom vegane vert tørre utover sommaren, er det aktuelt med ettersalting.

Oppattpussing av strøsand:

  • Oppattpussing av strøsand på vegar og plassar bør vera ferdig 1. mai og skal vera ferdig før 17. mai. Dette er avhengig av når det er bart.

Kantklypping:

  • Kantklypping på kommunale vegar (unanteke bustadfelt) vert gjort kvart år frå 15. juni og utover sommaren.