Lønsslipp via Web: Visma Enterprise:

  • Ingvild Midtun Kjos som jobbar med løn, sender dykk brukarnamn og passord til systemet, som du finn via denne lenka. Visma Enterprise.

  • Passordet blir du bedt om å byte ved første innlogging.

  • Når du har logga inn, må du gå på «Meg Selv», «Dokumenter» og velje «Lønnslipper» for å få opp ei liste med dine lønsslippar.

 

Lønsslipp via App: Visma Employee

  • Denne appen har samanheng med elektroniske reiserekningar, og føreset at du har brukarnamn og passord i Elektroniske reiserekningar. Sjå nedanfor.

  • De kan laste ned appen «Visma Employee»

  • Brukarnamn og passord (sjå informasjon nedanfor)

 

Elektroniske reiserekningar:

For å sikre at alle får lik og rett godtgjersle er det ynskjeleg at folkevalde også brukar elektroniske reiserekningar. Visma Expense (reiserekning).

Brukarnamn = epostadressa di

Trykk på Glemt passord, då lagar systemet passord til dykk som de får tilsendt på epost.

 

Spørsmål kan rettast til ingvild.midtun.kjos@luster.kommune.no , tlf. 57 68 55 74.