Det finst 300 km merka tursti i Breheimen, men hyttene ligg ikkje like tett som i mange av dei andre nasjonale turområda, og mange av dei er sjølvbetjente. Erfaring med fjellsport er ein føresetnad for trygg ferdsel på breane og enkelte av tindane som gjerne er over 2 000 meter, men det er uendeleg mange alternativ også for deg som føretrekk tradisjonelle fjellturar, og ikkje minst for borna. 

Dersom du vil oppleva Breheimen med utgangspunkt i Luster kommune, føresler me at du startar ut ved Viva, Vanndalen, Vigdalen, Mørkridsdalen, Nørdstedalen eller Sognefjellet. Mørkridsdalen og Vigdalen er randområde som er verna som landskapsvernområde med føremål å ta vare på viktige kulturlandskapsverdiar. Elles har nasjonalparken også tilgjenge frå dei andre kommunane som har areal i parken, Lom og Skjåk.

Ved ferdsel i Breheimen ber me om at du viser omsyn til dyre- og plantelivet. Unngå å uroa dyra og legg ikkje att søppel i naturen.

Ver velkommen til Breheimen!

Verneforskrifta