Lokal forskrift
Luster kommune har ei lokal forskrift for frist av spreiing av gjødselvarer av organisk opphav. Føremålet med forskrifta er å fastsetja ein eigen frist for spreiing av husdyrgjødsel tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen. I forskrifta si § 3 står det at spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna mark bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det gjev næring til gjenvekst som kan haustast, og seinast innan 20. september. I særskilte tilfelle kan kommunen gje dispensasjon til 1 oktober, men ikkje seinare. Dersom ein spreier med nedmolding/nedfelling så er fristen for dette 1. november. Uavhengig av nedfelling/-molding er det ikkje lov til å spreie gjødsel på snødekt eller frosen mark.

Alle søknadar om utsett spreiefrist ved gjødsling utan nedmolding/nedfelling vert vurdert ut i frå:

  • Gjødselplan
  • Mengde
  • Spreietidspunkt
  • Avstand til vassdrag
  • Klimatiske høve
  • Nærleik til drikkevasskjelder
  • Særleg god grunn
  • Tilstand på drenerande vasslokalitet

 

Sårbare vassdrag – meir restriktivt
Kommunen har ikkje heimel til å gje utsett frist for gjødselspreiing i område kor elvar og bekkar har dårleg vasskvalitet, eller står i fare for å få dårlegare vasskvalitet. Der ein ikkje klarer å nå god vasskvalitet, skal kommunen stille meir restriktive krav til bruk av husdyrgjødsel. I Luster kommune per 15.03.2021 gjeld dette desse vassdraga:

Vann-Nett ID

Lokalitetsnamn

076-137-R

Elv frå Myklemyr, Jostedal

076-153-R

Skjersgrovi, Gaupne

076-95-R

Bekkefelt Dalselvi, Indre Hafslo

077-122-R

Skjervelvi – Hagagrovi, Hafslo

Andre lokalitetar kan kome på lista fortlaupande, då det kontinuerleg vert teke vassprøvar i Luster kommune. Kart over lokalitetane kan ein finne på Vann-nett.


Mogleg innskjerping av spreiefrist
Drift i strid med regelverket for jordbruksverksemder kan føre til avkorting, tilbakehalding, og innkrevjing av produksjonstilskot.  Luster kommune ynskjer difor å informere om at frå og med hausten 2021 kjem ein til å arbeide med endring av den lokale forskrifta. Føringar frå sentralt hald tydar på at spreiefristen vil verta korta ned, mogleg for heile kommunen.

Les meir om bruk av husdyrgjødsel og forslag til nytt regelverk på Landbruksdirektoratet si side


Elv frå Myklemyr, Jostedal, VannNett ID:076-137-R

Elv Myklemyr.jpg

 

Skjersgrovi, Gaupne, VannNett ID: 076-153-R

Skjerselvi Gaupne.jpg


 

Bekkefelt Dalselvi, Indre Hafslo, VannNett ID: 076-95-R

Dalselvi Indre Hafslo.jpg

 

 

Skjervelvi-Hagagrovi, Hafslo, VannNett ID: 077-122-R

Skjerselvi-Hagagrovi Hafslo.jpg