• Nedre kostnadsgrense for å koma inn under ordninga er sett til kr 500 000.
  • Øvre grense for lån er kr 2 500 000.
  •  Låna er avdragsfrie i to år og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste.
det er ikkje eige søknadsskjema for lån til bruksutbygging i næringsfondet.
 

Slik søkjer du

Skriv ein ein kortfatta søknad/ e-post der du skriv at

  • du søkjer om lån i næringsfondet
  • kva eigedom det gjeld (gbnr)
  • føremålet med lånet (ombygging, nybygg, oppgradering, anna..)
  • kor mykje du søkjer om, evt. at du søkjer om max. lån
  • legg ved finansieringsplan/ kostnadsoverslag

Søknad med tilråding vert lagt fram for formannskapet og næringsutvalet.



Innovasjon Noreg sine ordningar

Innovasjon Noreg kan gje støtte til bruksutbygging i landbruket og til tilleggsnæringar med basis i landbruket. Det kan til dømes gjevast tilskot til nybygg eller utbetring av driftsbygningar, etablerartilskot, bedriftsutvikling, frukt og bær m.v. 

Les meir om innovasjon Norge si prioritering av landbruksmidlar

Alle søknader skal gå gjennom kommunen.