Nytt for 2020:

Frå 2020 er det ikkje lenger eit krav om at søkjar må ha eit føretak for å vere berettiga tilskot».


Luster kommune sin SMIL-strategi 2017 - 2020

 
Søknadsfrist: 1. april og 15. september 
 
 
Målgruppe:

For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigedom der det går føre seg ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen.

Eigar som ikkje driv areala sjølv kan søkje om tilskot dersom det vert drive ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på eigedomen. Den som leiger det tilskotsberettiga arealet kan også søkje om tilskot dersom han har godkjenning frå eigar.

Det vert ikkje gjev tilskot til tiltak som er gjennomført før søknadstidspunktet.

 

Kva tiltak kan du søka støtte til?

Luster kommune har fylgjande prioriteringar for bruken av SMIL- midlar i 2017-2020:

Prioritet 1:

 Restaurering av eldre støshus og støsmiljø

 Restaurering av løer

 Restaurering/ rehabilitering av steingardar og bakkemurar

 Rydding av slåtte- og beitemark

 Restaurering av gamle ferdselsvegar knytt til jordbruk

 Tiltak som hindrar/reduserer ureining (til dømes gjenåpning av bekkelukkingar, etablering av vegetasjonssoner for rensing og beskyttelse av jordbruksareal, takdekke til gjødsellager, tiltak for å hindre avrenning frå husdyrgjødsel i utekveer og samleplassar for beitedyr, avrenning frå rundballar og liknande.

Prioritet 2:

 Andre kulturhistorisk verdifulle bygningar knytte til gardsdrift

 Tiltak som bidreg til å ta vare på biologisk mangfald i Luster kommune

 Utarbeiding av skjøtselsplanar for spesielt verdifulle område

Prioritet 3:

 Tiltak som bidreg til auka allmenn kjennskap til husmannsvesenet

 Fjerning av forvilla førekomstar av framande artar

 Tiltak på hus som er i bruk til bustad skal nedprioriterast, men ikkje utelukkast.

Det skal normalt ikkje gjevast tilskot til rekonstruksjon av bygningar som ligg nede. Det kan gjerast unnatak i særlege høve, til dømes dersom tufta utgjer ein del av eit gamalt bygningsmiljø som er særleg autentisk.

 

For alle tiltak:
Søkjarar som har rett på produksjonstilskot med tiltak på eige bruk eller leigejord skal prioriterast framfor andre søkjarar. I vurderinga legg me vekt på tiltaket sin ålmenne verdi i form av synleggjering/tilgjengeleggjering av kulturlandskapskvaliteten det er snakk om. Dersom tiltaket er knytt til eit nasjonalt, regionalt eller lokalt verdifullt natur- og kulturlandskap, skal dette også vektleggjast i vurderinga.
 
Det vert ikkje gjeve tilskot til prosjekt som er igangsette eller avslutta på søkjetidspunktet.
Ein søkjar kan ikkje ha to prosjekt samstundes.
 
Slik søker du
  1. Ta gjerne kontakt med kommunen fyrst dersom du er i tvil om prosjektet ditt kvalifiserer til tilskot.
  2. Send søknad via Altinn med vedlegg. Aktuelle vedlegg er kart (gjeld særleg tiltak i beitemark og på gamle vegar), kostnadsoverslag, foto, beskriving av objekt og prosjekt, mv.
  3. Synfaring saman med sakshandsamar.
  4. Saka vert handsama av plan- og forvaltningsstyret, og du mottek brev om utfallet
  5. Du melder til sakshandsamar når prosjektet er ferdig eller med spørsmål undervegs.
  6. Pengane vert utbetalt etter at du har levert ei kort ferdigmelding saman med dokumentasjon på kostnader/arbeidsinnsats, samt synt fram prosjektet i ei sluttsynfaring med sakshandsamar. (Det er mogleg å få delutbetalingar undervegs).