• Gjødselplanen skal omfatte alt areal som føretaket disponerer og vere basert på representative jordprøver som ikkje er eldre enn 8 år.
  • Gjødselplanen kan ein utarbeide sjølv, eller så tilbyr Norsk landbruksrådgivning denne tenesta.
  • Det treng ikkje utarbeidast fullstendig ny plan kvart år. Føretaket kan i staden vurdere behov for endringar og sjølv oppdatere planen i mellomår. Denne årlege oppdateringa må dokumenterast.

 Les meir på Fylkesmannan si side om krav til godkjent gjødselplan

 

Gjødselplanen skal minimum innehalde følgjande:

Ei kartskisse, med oppgitt målestokk, som tydeleg viser skifteinndelinga. Planen skal setjast opp skiftevis, og følgjande opplysningar skal oppgjevast for kvart enkelt skifte:

  • Jordbruksareal i dekar
  • Jordart og jordanalyse for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
  • Fôrgrøde (dvs. fjorårets vekst)
  • Årets vekst
  • Forventa avlingsnivå per dekar
  • Årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium per dekar
  • Husdyrgjødsel, slam og annen organisk gjødsel
    • Type
    • Mengde per dekar og antatt spreietidspunkt
  • Mineralgjødsel
    • Type
    • Mengde per dekar og antatt spredetidspunkt

 

Gjødslingsbehovet skal avpassast etter følgjande kriterier:

  • Jordprøveresultat for fosfor, kalium og moldinnhald
  • Vekst og gjødslingsnormer for distriktet
  • Avlingsnivå ut i fra eigne dokumenter eller anslåtte erfaringar for kvart enkelt skifte
  • Avling

Gjødselplanen skal justerast dersom vekstforholda avvik frå dei føresetnadene som var då planen vart laga.


Kontroll:

Kontroll av gjødselplanen blir gjennomført i samband med kontroll av søknad om produksjonstilskot/RMP.

For føretak som driv skjøtsel på heile eller deler av jordbruksareal der det anten skal vere redusert eller ingen gjødsling, kan godkjent skjøtselsplan reknast som godkjent i forhold til forskrift om gjødselplanlegging

Alle som brukar sprøytemiddel skal ha sprøytejournal. Det gjeld også om andre sprøyter for deg. Det samla produksjonstilskotet avkortast med 20% dersom søkjar ikkje har gjødselplan eller sprøytejournal og dette kan doblast dersom det vert oppdaga under kontroll.

 

Jordprøvar

Jordprøver skal takast kvart 4-8 år.

Du kan få øskjer til jordprøver og låne jordprøvebor på landbrukskontoret.

 

Jordprøver sendast til:

Eurofins Agro Testing Norway AS

Avdeling jord og planter

Postboks 3033

1506 Moss

For mer informasjon, sjå eurofins.no

Uttak av jordprøver

Skjema - skifter

 

Forskrift om gjødselplanleggiing