Rentefrie lån gjennom næringsfondetFjøs.jpg

Til bruksutbygging i landbruket kan Luster kommune yta rentefritt lån på 20 % av godkjent kostnadsoverslag.

  • Nedre kostnadsgrense for å koma inn under ordninga er sett til kr 500 000.
  •  Låna er avdragsfrie i to år og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste.
det er ikkje eige søknadsskjema for lån til bruksutbygging i næringsfondet.

Slik søkjer du

Skriv ein ein kortfatta søknad/ e-post der du skriv at

- du søkjer om lån i næringsfondet

- kva eigedom det gjeld (gbnr)

- føremålet med lånet (ombygging, nybygg, oppgradering, anna..)

- kor mykje du søkjer om, evt. at du søkjer om max. lån

- legg ved finansieringsplan/ kostnadsoverslag

Søknad med tilråding vert lagt fram for formannskapet og næringsutvalet.

Innovasjon Noreg sine ordningar

Innovasjon Noreg kan gje støtte til bruksutbygging i landbruket og til tilleggsnæringar med basis i landbruket. Det kan til dømes gjevast tilskot til nybygg eller utbetring av driftsbygningar, etablerartilskot, bedriftsutvikling, frukt og bær m.v.  Les meir om prioritering av landbruksmidlar i Vestland på Innovasjon Norge si side.

Alle søknader skal gå gjennom kommunen.

 
Kontaktperson: Fagleiar landbruk Magnus Snøtun, tlf. 57 68 55 83.